22,99 €
inkl. MwSt.

Versandfertig in 6-10 Tagen
payback
11 °P sammeln
  • Broschiertes Buch

Korleis påverkar korrupsjon statar sin respekt for menneskerettane? Denne boka spør kva for verknad korrupsjon har på respekten for fysisk integritet, og ein slik effekt er avhengig av kva type regime som rår i landet. Korrupsjon er lite utforska som forklaring på fysisk undertrykking. Undertun argumenterer for at dette for ein stor del skuldast at eksisterande forklaringsmodellar sitt perspektiv på staten som ein rasjonell og einskapleg aktør er for snevert. Korrupsjon skjer i forholdet mellom over- og underordna. Studien nyttar difor prinsipal-agentteori i sin analyse. Ein kvar statleg agent…mehr

Produktbeschreibung
Korleis påverkar korrupsjon statar sin respekt for menneskerettane? Denne boka spør kva for verknad korrupsjon har på respekten for fysisk integritet, og ein slik effekt er avhengig av kva type regime som rår i landet. Korrupsjon er lite utforska som forklaring på fysisk undertrykking. Undertun argumenterer for at dette for ein stor del skuldast at eksisterande forklaringsmodellar sitt perspektiv på staten som ein rasjonell og einskapleg aktør er for snevert. Korrupsjon skjer i forholdet mellom over- og underordna. Studien nyttar difor prinsipal-agentteori i sin analyse. Ein kvar statleg agent med valdskapasitet er ein potensiell krenkar av fysiske menneskerettar. Korrupsjon vil kunne føre til fysisk undertrykking, ved å gjere undertrykking lønnsamt, og redusere den kontrollen statlege organ har med dei aktuelle agentane. Korrupsjon vil difor leie til meir fysisk undertrykking. Manuskriptet er bygt på Undertun si masteroppgåve i samanliknande politikk, ved UiB i 2009.
Autorenporträt
Bjarte Undertun (f. 1982) er utdanna statsvitar frå Institutt for Samanliknande Politikk, ved Universitetet i Bergen. Han leverte Masteroppgåva "For ein neve dollar: Effekten av korrupsjon på respekten for menneske sin fysiske integritet" i 2009. Han har sidan vidareutdanna seg innan praktisk pedagogikk, og arbeider i dag som lektor i grunnskulen.